Vg2 Naturbruk friluftsliv


Har du gått Vg1 naturbruk friluftsliv eller Vg1 naturbruk kan du søkje Vg2 naturbruk friluftsliv.
Vidare kan du lesa meir om utdanninga, men ta gjerne ein titt på filmen om Naturbruk friluftsliv fyrst!


Aktivitetar gjennom skuleåret:

- aktivitetar som padling, sykling, fiske og jakt

- overnattingsturar i fjell og ved fjord

- god opplæring i fyrstehjelp

- praksis i bedrifter som skulen samarbeider med

- å læra om gardsturisme, matkultur og foredling

- guiding i kultur- og naturlandskap

- dyrking av frukt og grønt

- skulen arbeider og med å få til eit utanlandsopphald for Vg2 elevane


Programfag:

Produksjon og tenesteyting:

Tek utgangspunkt i bruk av det lokale natur og kulturlandskapet frå fjord til fjell. Du lærer å planleggje, gjennomføre og vurdere aktivitetar på eit grunnleggjande nivå knytt til bruk av naturen. Ein lærer om tradisjonelle og nye næringar knytt opp mot naturbasert reiseliv. Døme på aktivitetar kan vere: Kano og kajakkpadling, overnattingsturar, fjord og fjellfiske, gardsturisme, stølsliv, foredling av frukt, bær og fisk, guiding i frukthagelandskap eller i fjellet. Du lærer mykje om biologi og skilnad mellom økologiske og konvensjonelle driftsformer. Bruk og vedlikehald av bygningar og utstyr, samt HMT og kvalitets og sertifiseringssystem er og sentrale tema her. Eit av måla er at du seinare skal kunne jobbe med, eller utvikle nye produkt og tenester vinkla mot naturbasert reiseliv.

 

     

 

Forvaltning og drift:

Tek utgangspunkt i grunnleggjande arbeidsoppgåver og yrkesutøving i naturbruksproduksjonar. Ein lærer om tradisjonelle og moderne driftsmetodar. Ein skal kunna planleggje, gjennomføre og vurdere næringsdrift basert på lokale naturressursar og korleis dette kan påverke lokalsamfunnet, miljøet og det biologiske mangfaldet. Eit av måla er at du seinare skal kunne jobbe i naturbruksproduksjonar og ha forståing for bærekraftig forvalting og bruk av naturressursar og naturområde. Med utgangspunkt i ein produksjon eller aktivitet vil du læra om god økonomistyring og arbeidsledelse, slik at du skal kunne planlegge, gjennomføre og evaluere dette. Ein vil og sjå på bedriftsetablering og selskapsformer, her vil ungdomsbedrift vera ein god måte å jobba på. Kundebehandling og vertskapsrolle saman med produktutvikling og krav til kvalitet er svært sentralt i dette faget.

 

 

Fellesfaga:

Norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

 

Prosjekt til fordjuping:

Du kan ”spesialisera” deg innanfor eit fagfelt. Her vil du saman med lærar setja opp ein eigen læreplan og arbeidsplan for det temaet du vil jobbe med. Skulen set opp forslag til tema som ligg innanfor feltet naturbasert reiseliv, men du kan og velja eigne tema om du ynskjer det. Du kan og nytta desse timane til utplassering i bedrift. Hjeltnes vgs prøver å få til ein periode i utlandet på 3-4 veker der ein får jobba med naturbasert reiseliv.

 

 

Vidare skulegang:

Vg3 studiespesialiserande naturbruk eller Vg3 påbygg til generell studiekompetanse.

 

 

Jobbmoglegheiter og vidare utdanning:

Etter fullført 3-årig utdanning kan du til dømes jobba som naturguide, aktivitetsutviklar for reiselivsbedrift eller du kan starta eiga bedrift som tilbyr naturbaserte opplevingar. Reiselivsnæringa etterspør slik utdanning og ynskjer å ta i mot elevar til utplassering i bedrift.
Det er og gode moglegheiter for høgare utdanning innan faget etter at ein har teke studiekompetanse. Både Høgskulen på Lillehammer og Universitetet på Ås har tilbod om høgare utdanning innan naturbasert reiseliv. Men høgare utdanning er ikkje ein føresetnad for å få spennande jobbar etter utdanninga hjå oss.

 

Ulike sertifiseringar og kurs som skulen tilbyr i løpet av tre år:

- Jegerprøven

- Kurs i fjell og naturguiding

- Kurs i brevandring på Folgefonna

- Kurs i fjellbotanikk på Finse