Hagebruket


Hagebruket ved Hjeltnes vidaregåande skule har ulike produksjonar som er viktig for undervisninga. Produkta som vert produsert i dei ulike avdelingane under hagebruket vert og selde i skulebutikken.

 

 

Det er seks avdelingar innan hagebruket, og desse er:

 

Frukt og bær

Her får elevane praksis i produksjon av dei viktigaste sortane innan frukt og bær.

   

 

Grønsaker

Her får elevane planta og hausta viktige grønsakslag, og bruke maskinar.

  

 

Park

Parken er særs viktig for skulen, her lærer elevane plantenamn og botanikk, og anleggsgartnarane har mange praktiske steinanlegg i parken.

 

Planteskule

Elevane er med og produserer mange ulike typar buskar og tre, og me har hagesenter
med utsal kvar vår.

 

Skogplanteskule

Produksjon av skogplanter til skogbruket på Vestlandet. Elevane er lite med i denne avdelinga.

 

Veksthus

Lærestad for dyrking i regulert klima. Produksjon av ulike potteplanter, og av og til snittblomar. Mesteparten av produksjonen vert seld til Bergen