Biblioteket på skulen

Hjeltnes vgs. har eit godt bibliotek. Her er mykje faglitteratur og oppslagsverk. Men skulen har og ei stor samling av skjønnlitteratur. Ein elev gav boksamlinga si til skulen på grunn av plassmangel. Elles er det sjølvsagt kjøpt inn sentrale og nye skjønnlitterære bøker.

Skulen har ei stor samling av tidskrift som går på blomsterdekorering, hage og den grøne sektoren, men og tidsskrift om elevar om menneske generelt.
Biblioteket har elektronisk utlån av lærebøker.

Dette skuleåret har Steinar som er bibliotekar arbeidd med å strekkoda alle bøkene i biblioteket. Dette skal på litt sikt gjera alt lån digitalt, både for elevar og lærarar.
Arbeidet er godt i gang, og ein vonar å vera ferdig med registreringa av bøker og digitale læremiddel til sommarferien.